Skip to main content Start of main content

KDE Plasma-skrivebordet, på ein atomisk måte

Surf på nettet, hald kontakten med venar, administrer filer, nyt musikk og video, og ver produktiv på jobben utan å måtta bekymra deg for å øydeleggja systemet.

Kvifor Fedora Kinoite?

  • Påliteleg

    Kvar versjon vert oppdatert i ca. 13 månader, og kvar oppdatering trer i kraft ved neste omstart, slik at systemet vert halde konsistent. Du kan til og med halda fram med å jobba medan oppdateringane vert utførte!


  • Atomic

    Heile systemet vert oppdatert på éin gong, og ei oppdatering vil ikkje gjelda viss noko går gale, noko som tyder at du alltid vil ha ei fungerande datamaskin.


  • Trygt

    Ein tidlegare versjon av systemet ditt er alltid tilgjengeleg, for å vera på den sikre sida. Viss du treng å gå tilbake i tid, kan du gjera det!


  • Konteinerisert

    Grafiske applikasjonar vert installerte ved Flatpak, og held seg skilt frå basissystemet. Dei gjev ogso moglegheit for finkorna kontroll over løyva.


  • Utviklarvenleg

    Toolbx held alle utviklingsverktøya dine ryddig organisert per prosjekt. Hald fleire versjonar av verktøya dine uavhengige av kvarandre og upåverka av endringar i basissystemet.


  • Privat, fortrudd, open kjeldekode

    Det er ingen annonsar, og alle dataa dine høyrer til deg! Fedora er bygd på dei nyaste teknologiane med open kjeldekode, og vert støtta av Red Hat.


Bygd på toppen av dei beste

KDE Plasma-skrivebordet

Inneheld dei nyaste versjonane av det moderne og modulære skrivebordet, utvikla av KDE-fellesskapet.

Applikasjonar som Flatpakar

Last ned tusenvis av open kjeldekode- og proprietære, konteineriserte applikasjonar takka vera Flatpak og Flathub.

rpm-ostree

rpm-ostree er eit hybrid bilete/pakkesystem. Det kombinerer libostree og libdnf for å tilby atomiske og sikra oppgraderingar med lokal RPM-pakkelagdeling.

Toolbx for utvikling

Opprett enkelt OCI-konteinarar som er fullt integrerte med host-systemet ditt, slik at du kan bruka både GUI- og CLI-verktøy saumlaust.

Fedoras fellesskap og støtte

Fedora skaper ein innovativ, gratis og open kjeldekodeplattform for maskinvare, skyer, og konteinarar som gjer det mogleg for programvareutviklarar og medlemar av fellesskapet å byggja skreddarsydde løysingar for brukarane sine.

Relaterte prosjekt

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med det moderne og elegante GNOME-skrivebordet

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med det moderne og modulære Plasma Desktop

Eit atomisk skrivebordsoperativsystem med den tastaturstyrte Sway-vindaugehandsamaren.

Fedora Budgie Atomic leverer det populære Budgie-skrivebordsmiljøet på ein atomisk måte.

Fedora CoreOS er eit automatisk oppdaterande, minimalt, monolittisk, konteinarfokusert operativsystem som er utvikla for klyngjer, men som òg kan brukast frittståande, og som er optimalisert for Kubernetes, men som ogso fungerer utmerkt utan.

Fedora IoT er ein konteinarbasert vert som køyrer på maskinvara di, med fokus på distribusjon av kant-einingar.

Prøv det no.

Last ned no